70 til 80% stilling som kyrkjelydspedagog-/medarbeidar og kyrkjelydssekretær i Orre sokn
Orre sokn ligg i Klepp kommune og Klepp kyrkjelege Fellesråd. Klepp kyrkjelege fellesråd har fire sokn: Frøyland/Orstad, Bore, Klepp og Orre. Orre kyrkje er frå 1950 og ligg på Pollestad. Ein har eit flott tilbygg med kyrkjelydssal, godt egna til ulike samlingar.
Staben består av dagleg leiar, prest, organist, klokkar og kyrkjelydspedagog, alle i mindre deltidsstillingar. Alle fire sokna i Klepp samarbeider om ei diakonstilling. Soknerådet i Orre arbeidar for å styrkje aktivitetane retta mot born og ungdom.
Kyrkjelyden har eit godt samarbeid med lokale frivillige lag og organisasjonar, skule og barnehage. Soknepresten og kyrkjelydspedagogen i Orre inngår i dette felles samarbeidet.
Staben i Orre har stabsfellesskap på kyrkjekontoret på Klepp. Det byggas nå ny kyrkje i Klepp sentrum, saman med nytt kulturhus og nye kontorlokale i kommunehuset ved den nye kyrkja. Når kyrkja, kulturhuset og kommunehuset er ferdig, flyttar kyrkjekontoret og alle i staben inn i nye kontor på kommunehuset.
Arbeidsoppgaver
Kyrkjelydspedagog
Som kyrkjelydspedagog får du ansvar for kyrkja sitt arbeid knyta til born og unge (tweens), og noko arbeid mot ungdom. Tiltak retta inn mot grunnskulen og kontinuerlege aktivitetar for desse aldersgruppene er kjerneoppgåver
- Oppfølging og gjennomføring av tiltak i tråd med lokal plan
- Tiltak for born og unge
- Drive og utvikle eksisterande tweensarbeid som Tårnagentene og Lys våken
- Utvikla og driva nye tilbod for born og unge i kyrkjelyden
- Leiartrening for frivillige og leiartrening etter konfirmantarbeid
- Delta på konfirmantleir (en gong i året)
- Du må planleggja med at noko av arbeidet som kyrkjelydspedagog er på ettermiddagstid, kveld og helg
Kyrkjelydssekretær
Som sekretær får du ansvar for det administrative arbeidet i kyrkjelyden saman med soknerådet:
- Administrative oppgåver knyta til soknerådsarbeid
- Støtte soknerådet i å ta beslutninger og kommunisere med kyrkjeleiinga
- Følge opp saker som er vedtekne i soknerådet
- Være et bindeledd mellom sokneråd og administrasjon
- Koordinere frivillige medarbeidarar i ulike oppgåver i kyrkjelyden, som for eksempel klokkarteneste, pynting, kyrkjekaffi og barneopplegg
- Informasjon og profilering
- Bidra på enkelte arrangement i kyrkja
- Du må forvente noko kveld og helgearbeid
- Andre arbeidsoppgåver kan verta tillagt
Felles oppgåver for kyrkjelydspedagog og sekretær er rekruttering, oppfølging, inspirasjon og opplæring av frivillige medarbeidarar.
Arbeid «ute i feltet» vert prioritert, men noko arbeid frå kontoret vil det sjølvsagt vera i begge stillingsdelane.
Orre sokn har ein liten stab, og den som vert tilsett vil få et fagleg fellesskap med pedagogar og administrasjonen i dei andre kyrkjelydane.
Det kan vera mogleg å dela opp stillinga.
Kvalifikasjoner
- Utdanning innan kristendom / RLE frå bibelskule eller høgskule
- Det er òg ynskjeleg med relevant utdanning innan pedagogikk
- Anna relevant utdanning og realkompetanse kan verta vurdert
- Erfaring frå kyrkjelydsarbeid blant born og unge er ein fordel
- Erfaring med song og musikk er ein fordel
- Erfaring med administrative oppgåver, planlegging og organisering
- Ha god datakunnskap og evne til å lære seg kyrkja sine data og fagsystem
- Kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Særskilte krav
- Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram før tilsetting, jfr. Trussamfunnslovas § 20
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlige egenskaper
- God evne til å formidle evangeliet til aktuelle aldersgrupper på ein trygg måte.
- Gode evner til kommunikasjon, relasjonsbygging og administrasjon
- Kunne arbeide sjølvstendig, ha god kapasitet og gjennomføringsevne
- Evne til å inspirere og samarbeide godt med målgruppa, frivillige og stab
- Engasjert, fleksibel og strukturert
- Du har stor arbeidskapasitet og evne til å lære nye fagsystem
- Det vil bli lagt vekt på at du er personleg egna for stillinga
Vi tilbyr
- Spannande stilling i et godt arbeidsmiljø
- Eit fagmiljø i utvikling
- Lønn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor, tillegg for kvelds- og helgearbeid.
- Fleksibel arbeidstid
- God forsikrings- og pensjonsordning med pliktig medlemskap i KLP og 2 % trekk i brutto lønn
Anna informasjon:
- Søknadsfrist 19.06.2025
- Kontaktpersonar: Dagleg leiar, Hilde K Eikeland 480 36 029
- Kyrkjevergje, Arvid Kaspersen, 401 57 641