Alle rettigheter 2019 Klepp kyrkjelege fellesråd

Ledig stilling som Kantor/Organist i Bore kyrkjelyd


 

Kantor/Organist i Bore kyrkjelyd

Klepp kyrkjelege fellesråd har ledig 50 - 80 % stilling som

KANTOR/ORGANIST i Bore kyrkjelyd.

Søk på stillingen her...

Klepp kommune har ca. 20 000 innbyggjarar og ligg på Jæren.

Klepp kyrkjelege fellesråd består av fire sokn: Bore, Klepp, Orre og

Frøyland/Orstad.

Bore kyrkjelyd er i vekst og utvikling og har ledig stilling som kantor/organist.

Kyrkjelyden har ca 3 300 medlemmar og vert rekna som ein «tregenerasjonars-kyrkjelyd»

Det vert drive mykje godt frivillig arbeid. Stillinga går inn i ein stabsfellesskap som pr. i dag består av sokneprest, menighetspedagog, sekretær, trusopplærar og dagleg leiar. Diakon er felles for alle kyrkjelydane i fellesrådet. Staben har kontor i Bjørkestubben 4.

Kantor/organist spelar ei viktig rolle i kyrkjelyden.

Me har forskjellige typar gudstenester med varierte musikalske uttrykk. Det er vanlege gudstenester, familiegudstenester og G2. G2 er ei gudsteneste med meir moderne form og uttrykk, både musikalsk og på anna vis. Kantor/organist må kunna ta aktivt del i alle typer gudstenester. Personleg eigenskap og fleksibilitet samt evne og vilje til å arbeida i team er svært viktig og vil bli vektlagt. Mange frivillige er med og bidreg i eit spanande gudstenestefellesskap. Det er viktig å kunne samarbeida med frivillige i alle aldersgrupper. Kantor/organist samarbeider med kantor i Klepp om vigslar og gravferder i heile fellesrådsområde.

Les meir på vår heimeside www.klepp.kirken.no

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre gudstenester, viglsar, gravferder og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab.
  • Koordinera og leia kyrkjelyden si musikalske verksemd, herunder kor, forsongarar og frivillige musikarar
  • Engasjera og fylgja opp frivillige medarbeidarar i gudstenesta.
  • Bidra til kyrkjelydsutvikling i samarbeid med stab, sokneråd og andre aktørar.
  • Oppgåver knytt til konfirmantarbeid og trusopplæring.
  • Ansvar for tilsyn og vedlikehold av kyrkja sine instrument
  • Andre oppgåver i samsvar med gjeldande tenesteordning for kantorar.

Kvalifikasjoner

  • Godkjent kyrkjemusikalsk utdanning, eller anna relevant utdanning/erfaring.
  • Allsidig orgel- og pianoferdighetar
  • Kunne meistra ulike musikalske uttrykksformer
  • Erfaring fra kyrkjelydsarbeid
  • Kunne kommunisera godt på norsk, skriftleg og muntleg.
  • Lojalitet til kyrkjas grunnverdiar og visjon
  • Det vil bli vektlagt om ein er personleg eigna for stillinga

 

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirera, kommunisera og samarbeida godt med frivillige og stab
  • Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert.
  • Åpen for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr:

  • Spennende stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Anna:

  • Må vera medlem av Den norske kyrkja
  • Må disponera bil.
  • Den som vert tilbudt stillinga, må leggja fram godkjent politiattest før tilsetjing

Sjå fullstendig utlysningstekst og søk stillinga på www.kirkejobb.no.

Søknadsfrist: 19.mai

Søk på stillingen her...

Tiltredelse: 1.september

Kontaktinfo:

Elin Anita Garpestad

Dagleg leiar i Bore Sokn

95 14 40 99

Inger Kari Søyland

Kirkeverge

40 40 60 14

Tilbake