Dåp

Dåpen - utgangspunktet for livet i troen og i kirken



Velkomen til dåp i Den norske kyrkja!
Vi inviterar til dåp fordi Jesus har sagt:

”Eg har fått all makt i himmelen og på jorda, gå difor ut og gjer alle folkeslag til mine læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.” ( Matt. 28,18-20)

Kva er dåp?
I dåpen skjer eit under: Vi vert Guds barn! Presten teiknar barnet med krossmerket til vitnemål om at det skal tilhøyre den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus og tru på han. Det er Gud som handlar i dåpen. I det presten auser vatn over hovudet 3 gonger, seier han: ”Eg døyper deg i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.” I Bibelen vert dåpen samanlikna med ein ny fødsel. Det nye livet startar i dåpen. Barnet vert medlem av den kristne kyrkja.

Fadrar:
Foreldra vert ikkje sjølv oppført som fadrar, men vel 2-6 fadrar som er minst 15 år. Fadrane må vera døypte og medlemmar i Den norske kyrkja eller tilhøyre eit anna kyrkjesamfunn. Fadrane si oppgåve er å vere vitne om at barnet er døypt. Dei skal be for barnet og lære det sjølv å be og hjelpe til at barnet vert verande hjå Kristus når det veks opp. Fadrane har ikkje noko ansvar dersom det skulle skje foreldra til dåpsbarnet noko.
Velkomne!

Forespørsel om dåp